Gangar og Victoria Nadine til Malakoff 24!

Vi fyller på årets lineup med to spennande unge artistar! Folkrockarane Gangar og pop-prinsessa Victoria Nadine spelar i Malakoffparken i sommar. Og – i neste veke slepp vi heile programmet til Malakoff 24!

GANGAR
Kvifor ikkje blande folkemusikk & hardingfele med rock & metal? Gangar, Norges nye folkrock-sensasjon, gjere nettopp dette og vi diggar det! Det er komplett umuleg å stå i ro på konsertane til desse energiske karane,  og som Tuva Syvertsen i Valkyrien Allstars seier det: «Hvis du ikke blir glad av Gangar er du faenmeg sur!»

VICTORIA NADINE
Den nye popprinsessa Victoria Nadine er ei av dei mest toneangivande unge artistane i Norge.
Musikken er streama meir enn 30 millionar gongar, og til Malakoff kjem ho med eit fett band og drøssevis med hits i baklomma!

Del: