Om Malakoff

Malakoff 19-20 juli 2024

Malakoff er ein musikkfestival som kvart år i veke 29  vert arrangert i vestlandsbygda Nordfjordeid. Malakoff har gjennom 20 år løfta fram og presentert ein solid miks av internasjonale, nasjonale og lokale artistar. Sjangermessig overvekt av rock i ulike former, men alltid i kombinasjon med andre aktuelle sjangar innan populærmusikken.

I den fantastiske Malakoffparken som ligg nær Eidselva og sjøen i den sørlege delen av Nordfjordeid sentrum. Her finn du oversiktskart 

Konsertområde
Ingen aldersgrense på konsertområdet, og barn som ikkje er fylt 12 år, går gratis i følge med ein vaksen. Inne på konsertområdet har vi områder der aldersgrensa for å komme inn er 18 år.

Campområde
Aldersgrense 18 år.

Åpningstider konsertområdet
Fredag:   kl 1500 – kl 0100
Laurdag: kl 1400 – kl 0100

Åpningstider festivalcamp
Fredag: kl 1100 – Søndag: kl 13