Vi vil oppdatere denne sida for at du skal få svar på spørsmål du lurer på, så raskt som mulig
Treng du hjelp https://www.eventim.no/help/
Har du mista billettane dine? Slik hentar du ut nye billettar.
Du hentar nye billettar ved å logge inn på Eventim-profilen din. Eventim-profilen finn du øvst i høgre hjørnet på denne linken: https://www.eventim.no/mycustomerdata/#/login
OBS: Du skal logge inn med same brukarnamn (eposten din) og passord som du brukte ved kjøp av billettane.
Hvis du har gløymt passordet ditt, kan du trykke på «gløymt passord» litt lenger ned på sida.
For meir hjelp, sjå https://www.eventim.no/help/ eller kontakt oss på kundeservice@eventim.no
Oversikt over artister og når dei skal spele kjem etterkvart
Har kompisen din kjøpt teltplass og de skal dele telt, treng du billettane Festivalpass og Camptilgang
Skal du inn på campen må du ha desse billettane: festivalpass og camptilgang . Les meir HER
Finn ut kor stort teltet ditt er. Er teltet du skal ha med større enn 3×4 meter stort, må du kjøpe fleire teltplassar for å få plass til teltet ditt.
Kjøpte billetter blir ikkje refundert.
Det er ikkje nødvending å endre namnet. Vi scanner qr-koden. Så lenge den er gyldig, sjekke vi ikkje namnet som står på billetten.
Fredag: kl 1000 – kl 0030
Laurdag: kl 1000 – kl 0030
Innbyttestasjonen finn du ved hovudinngangen til festivalarenaen.
Merk at det er personlig frammøte. Dagsbillettar kan berre byttast den dagen dei gjeld for. Dvs at har du ein laurdagspass kan denne byttast først laurdagen. Hugs ID!
På festivalområdet sel Malakoff tradisjonell og deilig rockemat som rockeburger, pommes frites, rockepølser, rockesveler og popcorn. Aske har matstand med sal av m.a. pulled pork-burger og chili sin carne og Los Tacos sel Mexican food. På festivalcampen finn du Pizzabakeren og Simple & Delicious. Alle matleverandørane har vegetariske eller veganske alternativ og glutenfri alternativ.
På festivalområdet er det ikkje tillate å ta med inn mat og drikke.
På +18 området (skjenkeområdet) får du kjøpt alkoholholdig og alkoholfri drikke i forskjellige salgsstasjonar – spesialbarar, hurtigbarar, container-barar og i Jektehola.
Gratis vannstasjon finn du både på +18 området og område som er for alle.
Prøv messenger på Facebook eller post@malakoff.no