For Malakoff dreier miljøsatsinga seg om å ta gode og bærekraftige val, gjere drifta mest mogleg effektiv, både økonomisk, organisatorisk og miljømessig. Miljøarbeidet spenner bredt frå dei overordna områda innan arbeidsmiljø, HMS og haldningsskapande arbeid til det praktiske omkring transport, avfall, innkjøp og ivaretaking av natur og nærmiljø. Malakoff skal ta fornuftige og framtidsretta val innanfor desse seks ulike satsingsområda, og skal jobbe målretta gjennom god handlingsplan.
Malakoff Rockfestival har eit sterkt ynskje om å utgjere ein forskjell når det kjem til å gjere samfunnet og liva til innbyggjarane i Sogn og Fjordane grønare. Rolla til Malakoff i fylket er av ein slik art at vi har høve til å stille krav og gå føre i det grøne skiftet på mange områder. Ei kursendring som vil krevje fagkunnskap, innsats, vilje og økonomi. Den posisjonen Malakoff har i regionen gir muligheiter og set krav til oss. Gjennom miljøsatsinga ynskjer vi å bruke rolla vår til å snakke om og påverke publikum, gjester, leverandørar og frivillige til å ta smarte miljøval. Vi ønskjer ei grønare merkevare og vere ein miljøpådrivar i vår bransje i vår region.
Våre verdier
Frivilligheit og dugnadsånd
Malakoff har ein stor styrke i det gode samspelet mellom festivalen og frivilligapparatet. Gjennom sterk forankring innad i organisasjonen vil ein kunne skape store endringar gjennom felles engasjement. Kan våre 1200 frivillige endre sine kvardagsvanar vil dei gjennom året kunne skape større miljømessige endringar enn 10 000 publikum kan i løpet av 3 festivaldagar.
Inkluderande og til å stole på
Malakoff er inkluderande, både frivillige og gjester har sin funksjon, også i miljøarbeidet.
Malakoff skal ta veloverveide val. Og i den prosessen er det viktig å teste ut kva som faktisk fungerer. Både praktisk, men også i klimarekneskapen. Kva er positive tiltak for miljøet? Vi testar og dokumenterer.
Sjølvsikker og kompetent
Malakoff står trygt i seg sjølv og står for sine val. Vi skal levere kvalitet i alle ledd. Publikum skal kjenne seg trygg, å utifrå dette kunne vere delaktige i bærekraftige val og standpunkt. Gjennom involvering skal alle få eigarskap og føle på felles ansvar.
Aktuell og framtidsretta
Malakoff skal vere dagsaktuell, alltid ligge i forkant og tenke langsiktige tankar. Vi må difor tørre å sjå inn i framtida. Framtida ligg i dagens ungdom. Ungdom og unge vaksne er difor den viktigaste målgruppa for at miljøtiltak skal få stor gjennomslagskraft