Frivillige

Frivillige på Malakoff

Vi gler oss enormt til å arrangere festival saman med fantastiske frivillige. Som frivillig er DU ein del av sjølve hjartet i festivalen. Vi opnar registrering til sommarens festival våren 2023. 

For spørsmål kontakt oss på frivillig@malakoff.no      
Følg FRIVILLIG MALAKOFF på Facebook

Her lagar eller sel du ettertrakta rockemat til svoltne festivalgjengarar. Ein mett malakoffar er ein nøgd malakoffar!
Her tappar og sel du øl og andre barvarer til tørste festivalgjengarar. Bak bardisken er det høgt tempo og topp stemning! 18 års aldersgrense

Her er oppgåva di å sjå til at folk trivast og at det er ro og orden slik at alle har det bra! 18 års aldersgrense

Ein super jobb for deg som er 14-17 år. I lag med miljøvakter over 18 år, held du orden og trivsel på festivalområdet.