Del:

THE WAR ON DRUGS (us)

Supergruppa The War On Drugs til Nordfjordeid folkens!

Det folkekjære rockebandet The War On Drugs har gjennom sine geniale plater og rå livekonsertar bevist at dei er eit av dette århundrets beste rockeband!

Fredag 19. juli kan du for aller fyrste gang oppleve dei live på ei vestlandsk festivalscene!

Med Adam Granduciel i spissen har The War On Drugs ei unik evne til å trollbinde publikum med sine harmoniske melodiar, unike lydbilde og fengande gitarriff. På deira siste studioalbum «I Don’t Live Here Anymore»» frå 2021 vanka det overveldande kritikkar. Mellom anna trilla NRK ein 6-ar på terningen, og vi kunne ikkje vore meir enige. Dette albumet er kanskje det mest spelte på bookingkontoret vårt dei siste 2 åra.

Vi er klare til å ta imot eit av dei råaste banda der ute, vi er klare for «A Deeper Understanding», vi er klare for ein konsert for historiebøkene og vi er definitivt klare for THE WAR ON DRUGS!