The Pink Robots si heimvending på Malakoff 2025!
15 år etter at dei tok Noreg med storm med hittlåta «Curly» og vann Årets Urørt i 2010, er The Pink Robots endeleg tilbake – og comebacket skjer på Malakoff! Bandet, som ein gong vart spådd ei lysande internasjonal karriere, forsvann like brått som dei kom. Kva skjedde?
Bandet trong ei pause, og den vart alt for lang. Det var berre Line Dybedal som haldt fram i musikkbransjen. Den kjente og kjære artisten har no gitt ut tre kritikarroste album og fleire singlar som roterer på nasjonale radiokanalar.
Bandmedlemmane kjem frå Nordfjord og har sterke band til Malakoff, og publikum i Vestland. Dei har stått på scena fleire gonger opp gjennom åra – som Linger, Joe Frog og sist som The Pink Robots i 2010. The Pink Robots er klare for å levere det fansen har venta på: ei uforgløymeleg heimvending!
“Malakoff er ikkje berre Noregs råaste festival. Det er heile Nordfjord sin største folkefest! Vi gler oss enormt til å feire vår musikalske reise med det beste publikummet i verda» seier bandet.
Gjer dykk klare for nostalgi og energi på sitt aller beste: The Pink Robots på Malakoff 2025!