Frivillige

Frivillige på Malakoff

Vi gler oss enormt til å arrangere #denbestefestivalopplevinga du kan tenkje deg saman med fantastiske frivillige.  Vi har hatt to år med andre typar arrangement, «Malakoff Live Laga der du bur» og «MiniMalakoff» , men no vil vi ha fullskala festival og rocke bygda igjen.

Vi saknar veldig frivilliggjengen vår og er i gang med planlegging av sommarens høgdepunkt. Vi kjem tilbake med informasjon om åpning av frivilligregistering, arbeidsoppgåver og tider.

Malakoff har bruk for mange frivillige. For nokre oppgåver må du vere fylt 18 år, men vi har også oppgåver for deg som er mellom 14-18 år og betalte oppdrag for lag og organisasjonar.

For spørsmål angåande frivilligarbeid eller arbeidsoppdrag for lag og organisasjonar, send oss gjerne ein epost.