SKAAR er artistnamnet til singer-songwriter Hilde Skaar, med imponerande 50 millionar streams på Spotify, åtte topp 40-singlar og ei rekkje prisnominasjonar.
Karrieren hennar starta før ho i det heile tatt hadde fått sagt til nokon at ho ønska å bli musikar. Ho vart oppdaga rett etter at ho hadde posta sin første coverlåt på YouTube, og sikra seg management og plateselskap.
Allereie med dei tidlegaste singlane – Higher Ground (2018), Turn of The Tide (2020) og 24 (2019) – vart SKAAR raskt etablert som Noregs mest spennande, nye talent. Debut-EP-en The Other Side of Waiting understreka den kunstneriske djupna i pop-appellen hennar. Ho heldt fram med å imponere med tre Topp 10 radiohits og endå fleire prisnominasjonar, inkludert «Årets nykommar» på P3 Gull, «Årets stjerneskot» på By:Larm, og «Årets artist» på NRJ Awards.
I april 2024 kom nettopp EP-en Mad Women, ein vidareføring av albumet Mad Woman (2023), som gav ho ein Spellemann for Årets låtskrivar. I 2025 er det venta ny musikk og vi ser veldig fram til å endeleg oppleve SKAAR på Malakoff!