Prisauke 7.april

Søndag 7. april kl. 22 vil prisane for personbillettar og campbillettar stige. Det er penger å spare ved å kjøpe no, og det er bra for både oss og deg om du er tidlig ute med å sikre deg billett til sommarens høgdepunkt!

Malakoff er ikkje berre ein musikkfestival, det er ein oppleving. Det er ein stad der ein kan senke skuldrane, la seg rive med av musikken og skape minner for livet. Festivalen er eit fellesskap der alle er velkomne, og der du føle deg heime, uansett kven du er eller kvar du kjem frå. Malakoff er for alle!

Generelt

  • Sjekk ut dei ulike billettkategoriane slik at du kjøper rett billett
  • Barn under 12 år har gratis adgang ifølge med ein vaksen
  • Vi har ledsagerordning. Ledsager kjem inn gratis om du har billett og viser ledsagerbevis/følgekort i inngangen
  • Festivalkart/Områdekart og meir informasjon om aktivitetar og innhald finn du HER

Billett-typar er delt inn i festivalpass, dagspass, overnatting/camping: 

  • FESTIVALPASS, (ordinær, student, under 26)
    • tilgang til alle konsertar fredagen og laurdagen
    • under 26 år – fom fylt 12 år tom dei som har fylt 25 år.  Viser gyldig ID ved innbytte billett til band
    • student– studentar som har studentbevis. Viser gyldig studentbevis ved innbytte billett til band
  • DAGSPASS – fredag, laurdag  – tilgang til konsertområdet aktuell dag
  • OVERNATTING-/CAMPINGBILLETTAR:
    • MALAKOFFCAMPEN – er delt inn i 3 områder utifrå kva behov du har – LES MEIR
    • BOBILPLASS – Berre ein kort spasertur frå konsertområdet kan du leige deg ein bobilplass rett ved elva/sjøen. Ligg rett ved den idylliske Malakoffparken, og har kort veg til badeliv og butikkar etc. Her kan du nyte det glade sommarlivet på Nordfjordeid – LES MEIR

Del: