Norsk supertrio til Malakoff 24!

I dagens artistslepp byr Malakoff på eit usannsynleg og fantastisk rockecomeback, ei norsk verdsstjerne og rå vestlandsk ørkenrock! Span, Aurora og Slomosa gjestar den fantastiske Malakoffparken på Nordfjordeid 19.-20.juli 2024!

Eit av 2000-talets tøffaste rockeband – Span – gjere eit etterlengta comeback.
Det umoglege og usannsynlege comebacket til kanskje det tøffaste norske rockebandet på 2000-talet er eit faktum! – «Sjølvaste SPAN gjere eit etterlengta comeback og har valgt å svinge turnebussen innom Nordfjordeid og Malakoff 24. Det er heilt rått», seier ein tydeleg fornøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Span, med Jarle Bernhoft i front, var kjent for fengslande liveopptredenar og catchy rockelåtar. Dei var eit av dei verkeleg store banda på 2000-talet, og dominerte livescener og festivalar i både inn- og utland. No skal dei spele nokre få festivalkonsertar nøyaktig 20 år etter at debutplata kom i salg, og 19 år sidan dei spelte på Malakoff i 2005

Verdsstjerna AURORA og vestlandsrockarane i Slomosa melder sin ankomst
Unike og fantastiske AURORA er tilbake for fullt med den feiande flotte singelen «Your Blood» – den fyrste utgjevinga etter det fabelaktige albumet «The Gods We Can Touch». Sidan debuten i 2014, har AURORA sin fanbase gradvis vokse seg større og større verda over. Ho har solgt meir enn 1 million album, har 12,5 millionar månadlege lyttarar på Spotify og totalt over 10 milliardar streams. Ho har bergtatt ein ny generasjon og turnert verda rundt med sitt særeigne musikalske utrykk, tekstar og sin helt unike sceneframtoning. No er ho klar for å trollbinde publikum i den idylliske Malakoffparken på fredag 19. juli.
Heilt sidan premiera på debutsingelen Horses hos NRK Stjernepose, som kåra låten til ein av dei beste i 2019, har ørkenrock-beistet Slomosa frå Bergen skapt bølger i inn- og utland. Dei spelte ein så rå konsert i lavvoen på Malakoff 22, at vi berre måtte ha dei tilbake på ei større scene i år.

 

Billettsalet til Malakoff 24, 19.-20. juli, er i gang og fleire artistar blir slept fortløpande utover haust/vinter.

 

Lineup pr d.d
KAIZERS ORCHESTRA / AURORA / SPAN
BRENN. / ADEN FOYER / SLOMOSA

Del: