Del:

KNEKT

Ålesund-bandet KNEKT leverer ungdommeleg rock’n’roll på norsk akkurat slik vi likar det – intenst og ærleg. Tekstuniverset er ekte kompa av ruvande gitarar, dunkande rytmar og ein flerrande vokal. Og med rockehistoria sine verdiar i ryggrada og blikket retta opp og fram har KNEKT sett kursen mot framtida.

Med råskapen fanga på tape med debutalbumet “Livsnyter/Livshater” i ryggsekken og seier i Musikkprisen 2023 er bandet klar for å begeistre Malakoffpublikummet.