Kaizers Orchestra til Malakoff 24!

Noregs mest elleville liveband Kaizers Orchestra er tilbake på Malakoff 11 år etter at den karakteristiske lyden av oljefat sist drønna utover Nordfjordeid. Rockebandet brenn. og popkometen Aden Foyer set seg og på Malakoffbussen i juli neste sommar.

Kaizers Orchestra headliner laurdag 20. juli

Kvar år så er det ekstra spennande å starte å sleppe artistar til sommarens festival, og i år er det ekstra stas å opne lineup-avsløringa med headinerslepp av sjølvaste Kaizers Orchestra til Malakoff 24! – «For oss så er dette det perfekte livebandet – liveenergien, låtane og stemninga er alltid elektrisk når denne gjengen står på scena», seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Då Kaizers Orchestra annonserte at dei skulle spele igjen, solgte dei 82 000 billettar på utrulege 14 minutt. «Et legendarisk stykke norsk musikkhistorie» skreiv Musikknyheter etter deira fyrste konsert i Oslo no i oktober og ga 10 av 10 moglege. 56 stappfulle konsertar gjere dei no i haust og laurdag 20. juli står eit av tidenes desidert største norske rockeband på Malakoffscena på vesle Nordfjordeid – som einaste konsert mellom Bergen og Trondheim her i vest

Brenn. og Aden Foyer set seg og på Malakoffbussen

Brenn. returnerer til Malakoff som eit av landets mest relevante og framoverlente rockeband. Alt ved brenn. viser at rocken framleis kan vere uredd, fri, uhøgtideleg og fargesprakande, og samtidig påverka av usannsynlege referansar frå andre musikalske leirar.

Bandets unike blanding av rockens kompromisslause haldning og popen sin leikne sjarm har gjort at dei skil seg ut i musikklandskapet og trekk til deg stadig nye trufaste fans. Framtida er brennheit!

Eit nytt bekjentskap for malakoffpublikummet blir stjerneskotet Aden Foyer. Han slapp i oktober i fjor debut singelen «The Ballet Girl» som gjekk viralt på TikTok, #1 i Norge og låg 150 dagar på topplistene før den landa på fleire Top50-lister i Europa. I dag er «The Ballet Girl» streama over 55 millionar gongar (Platina i Norge, gull i Frankrike) og ligg stødig på topplistene på radio i bla Norge, Frankrike, Polen og Danmark

Den nyaste singelen Galileo Galilei gjekk rett inn på hitlistene, og høyrast i dag på alle radiokanalar.

 

Billettsalet til Malakoff 24, 19.-20. juli, er i gang og fleire artistar blir slept fortløpande utover haust/vinter.

 

Lineup pr d.d

KAIZERS ORCHESTRA

BRENN.

ADEN FOYER

Del: