Eit av verdas finaste rockeband til Malakoff 24!

Fredag 19. juli kan du oppleve det amerikanske superbandet The War On Drugs på scena i Malakoffparken på Nordfjordeid!

Publikumsfavorittane The War On Drugs har gjennom sine geniale plater og rå livekonsertar bevist at dei er eit av dette århundrets beste rockeband.

«Det er rått å kunne fortelje at fredag 19. juli så får vi oppleve eit av våre absolutte favorittband spele sin aller fyrste konsert på ei vestlandsk festivalscene. Og det på vesle Nordfjordeid! Det blir så stas», seier ein tydeleg nøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Med Adam Granduciel i spissen har det folkekjære rockebandet frå Philadelphia ei unik evne til å trollbinde publikum med sine harmoniske melodiar, unike lydbilde og fengande gitarriff. På deira siste studioalbum «I Don’t Live Here Anymore»» frå 2021 vanka det overveldande kritikkar. Mellom anna trilla NRK ein 6-ar på terningen, og vi kunne ikkje vore meir enige. Dette albumet er kanskje det mest spelte på bookingkontoret vårt dei siste 2 åra.

Vi er klare til å ta imot eit av dei råaste banda der ute, vi er klare for «A Deeper Understanding», vi er klare for ein konsert for historiebøkene og vi er klare for THE WAR ON DRUGS!

Artistar plassert på dag og salstart dagsbillettar 30.november kl 10
Det er vidare klart at The War On Drugs & Aurora spelar fredag 19. juli og Kaizers Orchestra & Span spelar på laurdag 20. juli. Og med det så kan ein rekordtidleg legge dagsbillettane ut for sal. Festivalpassa har vore i sal sidan oktober, og salet går strålande. Earlybirdbillettane vart utsolgt rekordtidleg og alt ligg tilrette for ei strålande julihelg med god stemning, unike musikkopplevingar i ei uforgløymeleg atmosfære i den fantastiske Malakoffparken på Nordfjordeid.

Velkomen skal alle vere!

 

Lineup pr d.d

KAIZERS ORCHESTRA, THE WAR ON DRUGS

AURORA , SPAN

BRENN., ADEN FOYER,  SLOMOSA

Del: