Del:

BJØRN EIDSVÅG

I det vanskelege festivalåret 2011 viste Bjørn Eidsvåg oss vegen vidare ut av den mørke stunda med ein konsert som var så sterk at det kanskje står fram som eit av dei mest markante augeblikka i festivalen si historie.

I 2024 så er han fortsatt aktuell med ny fin musikk og nye samarbeid. Sjølvsagt måtte vi invitere Bjørn tilbake, og det er ei stor ære å ynskje ein bauta i norsk musikkhistorie velkomen tilbake til Malakoff. Vi gler oss veldig – dette blir såååå fint!