MALAKOFFCAMPEN er delt inn i 3 områder utifrå kva behov du har.
Du vel om du vil overnatte i eige telt eller gå for ferdig oppsatt lavvo eller KarTent.
På fellesområdet har du strøkne toalett og eit godt utval i mat & drikke.
Kva billettar må eg kjøpe?
- Camptilgang
- Type overnatting
Camptilgang
- Denne billetten gir deg tilgang til campområdet fredag-søndag
- Du må ha billetten festivalpass for å få kjøpe camptilgang
Type overnatting
- Teltplass – eige telt som du set opp på det feltet du kjøper teltplass til. Eit teltfelt er 3x4m. Er teltet ditt større, kjøper du fleire teltplassar.
- Partyfelt for deg som ynskjer full fres og maks stemning
- Chillefelt for deg som vil ha maks kosestemning
- Rolegfelt for deg som likar ei god natts søvn etter ein lang festivaldag
- Lavvotelt – leige seg ein lavvo – i 4 ulike storleikar
- 2-3 pers, 4-5 pers, 5-7 pers, 7-9 pers
- KarTent – ferdig oppsett telt av papp. For den miljøbevisste, etter bruk blir teltet resirkulert.
Eksempel:
Eg skal på Malakoff og har med meg telt og ønskjer masse liv og leven!
Eg kjøper desse billettane:
- Festivalpass
- Camptilgang
- Teltplass – Partyfelt
Eg skal på Malakoff og skal dele telt med kompisen min som har teltplass.
Eg kjøpe desse billettane:
- Festivalpass
- Camptilgang