Stjerneskotet Aden Foyer slapp i oktober i fjor debut-singelen «The Ballet Girl» som gjekk viralt på TikTok, #1 i Norge og låg 150 dagar på topplistene før den landa på fleire Top50-lister i Europa. Den nyaste singelen Galileo Galilei gjekk rett inn på hitlistene, og høyrast på alle radiokanalar. Frå før har han slept 60-talls inspirerte «Other Side of the Moon» og den sommarlege feelgood låta «Sunshine Prescription» – alle med høgkvalitets musikkvideoar laga av stjerneskotet Andreas Hem, som er med på å forsterke 60-talls symbolikken og hyllar dei «gamle» måtane å gjere ting på.
I dag er «The Ballet Girl» streama over 55 millionar gongar (Platina i Norge, gull i Frankrike) og ligg stødig på topplistene på radio i bla Norge, Frankrike, Polen og Danmark. I juni framførte han for fyrste gong låten live framfor 10 000 menneske (+3 millionar Tv-sjåarar) under TV-programmet «Les chansons de l’été» i Frankrike, og i august stod han på scena både i Stockholm under radiofestivalen RIXFM og «Top of the pops» i polske Sopot.
Opplev det nye stjerneskuddet Aden Foyer på Malakoff 24!