11 NYE ARTISTAR
Festivalen som til sommaren blir arrangert 18.-19.juli i den idylliske Malakoffparken på Nordfjordeid slapp i dag dei 11 siste artistane til sommarens festival. Frå før var namn som Band of Horses, Eagles of Death Metal, Astrid S, Ramon, Honningbarna, Fjorden Baby, Snayx, Rotlaus og The Impossible Green offentleggjort.
Dagens 11 nye artistar er ei finfin blanding av kjente og ukjente namn frå ulike sjangrar. Vi snakkar om ordsmeden & rapparen KJARTAN LAURITZEN, rockelegendene THE SEPTEMBER WHEN, kongane av skandirock THE HELLACOPTERS, den britiske rockeduoen NOVA TWINS, fantastiske SKAAR, den britiske rapduoen PUNCHING BAG, ANDREAS ROTEVATN sin unike jazzelektronica, dei framadstormande rockarane i THE CLUMPS, PUNCHBAG og TIDSTYV og eit spennande comeback frå urørt-vinnarane frå 2010 THE PINK ROBOTS!
ÅRETS PLAKAT
Dermed er programmet til årets Malakoff-festival fylt opp med både internasjonale og nasjonale stjerner, veldig mykje deilig rock, spennande og aktuell musikk i mange sjangar og dine nye favorittar. Akkurat slik arrangørane bak Malakoff likar at det skal vere.
– «Vi er veldig stolte av årets plakat, og det er ekstra stas å få slike artistar til ei lita bygd i Sogn og Fjordane. Det er kvart år eit stort mål for oss å tilby eit festivaloppleving som kan konkurrere på linje med dei bynære festivalane», seier ein tydeleg stolt festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.
Velkomen til Malakoff! Velkomen til #denbestefestivalopplevinga!