Del:

PandaPanda

Vi er klare for fest – «Det eneste jeg vil er å ha det fett»!

Den norske popduoen består av Erlend Torheim og Ferdinann West. Musikken er prega av catchy refreng, leikne vokalar og mykje trøkk. Dei har ei deilig evne til å smelte saman elementa med ekte historier, kvalitetssikra i ein god dose Panda-humor. Duoen har tidlegare samarbeida med m.a Ballinciaga og Broiler. Sistnemnte hadde dei nyleg to store hits med – «Idiot» og «Det eneste jeg vil er å ha det fett».

I november slapp dei  singelen «Bootycall problem» i samarbeid med Klikkmonopolet og i februar den aller siste og tøffe låta «Fuck deg».

Pandaene er klare for eventyr, og dei har sjølvsagt to viktige mål – å gjere mamma stolt på vegen – og få Malakoffpublikummet til å danse!