«Motorpsycho spelar singlane!»
Eit av landets aller beste liveband uansett sjanger – har for fyrste gong – bestemt seg for å glede festival-Norge med eit karriereomfavnande sett beståande av låtar som har vore gjeve ut som singlar.
Motorpsycho har i løpet av si snart 35-år lange karriere ikkje berre laga store, krevjande dobbeltalbum slik mange trur – dei har samtidig fortløpande hatt pop og rock hits både på VG-lista her heime og på hitlister ute i verda fleire gonger.
Dette bli ein unik sjanse til å oppleve både nyare hits og nostalgiske perler frå så langt tilbake som 90-tallet i skjønn foreining. Vi gjere oss klare til ein festkonsert for fleire generasjonar – både nye og gamle Psychonauter! Kick out the jams, motherfuckers!