Malakoff 24 med komplett program!

8 nye artistar og ferdig plakat.

Namn som Kaizers Orchestra, The War On Drugs, Aurora, Span, brenn., Aden Foyer, Victoria Nadine, Gangar og Slomosa er offentleggjort. Dagens offentleggjering inneheld artistar som alle er høgaktuelle enten med ny musikk eller er aktuelle unike nye framføringar.

Artistane er – ordsmeden & rapparen CEZINANDO, rockehøvdingane MOTORPSYCHO, landsfaderen BJØRN EIDSVÅG, den svenske americanafavoritten SARAH KLANG, eit gjennforent EUROBOYS, fest & hittmakarane PANDAPANDA, den framadstormande ANNA LILLE frå Nordfjordeid og vital norsk rock frå Ålesundbandet KNEKT.

 

ÅRETS PLAKAT

Dermed er programmet til årets Malakoff-festival fylt opp med både internasjonale og nasjonale stjerner, mykje deilig rock, spennande og aktuell musikk i mange sjangar og dine nye favorittar.  Akkurat slik lyden av Malakoff skal vere.

– «Vi er veldig stolte av årets plakat, og det er ekstra stas å få slike artistar til ei relativt lita bygd i Sogn og Fjordane. Det er eit stort mål for oss å kunne tilby eit festivaloppleving som kan konkurrere med dei bynære festivalane», seier ein tydeleg stolt festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

 

UNIKE FESTIVALOPPLEVINGAR

På årets Malakoff-lineup finn ein fleire litt eksklusive konsertar som garantert vil lokke fleire tusen publikummarar til Nordfjordeid 19.-20. juli.

  • Kaizers Orchestra – einaste festivalkonsert mellom Bergen og Trondheim
  • Span – få festivalar og einaste konsert på vestlandet
  • The War On Drugs (Us) – spelar berre på Malakoff og Bukta i sommar
  • Sarah Klang (Se) – fyrste festivalkonsert på vestlandet
  • Euroboys – få festivalar, einaste på vestlandet
  • Aurora – få festivalar, einaste på vestlandet

Del: