Kjære frivillig: Vel møtt til Malakoff 2025 og hjarteleg takk for at du stiller!
Du er ein del av sjølve hjartet i festivalen. Saman lagar vi gode opplevingar, relasjonar og minne for alle involverte, både medfrivillige, samarbeidspartar, artistar og publikum.
Lurer du på noko som du ikkje finn svar på her? Kontakt oss gjerne på frivillig@malakoff.no eller send melding på www.facebook.com/frivilligmalakoff og www.instagram.com/frivilligmalakoff.
Under festivalen kontaktar du din næraste leiar, eller skranken i teltet frivillig/akkreditering.
Vil du melde deg som frivillig? Søk her: www.malakoff.no/frivillig
Pdf-versjon av informasjonen finn du her: malakoff.no/wp-content/uploads/2025/06/Frivilliginfo-Malakoff-2025.pdf
RETNINGSLINJER OG VILKÅR:
www.malakoff.no/frivilligvilkar
FRAMMØTE:
Vi er avhengige av at alle frivillige stiller på vakt. Viss du likevel ikkje kan møte som avtalt, er det svært viktig at du gir beskjed omgåande!
Du får tekstmelding frå oss før festivalen, med vakttid(ene) som gjeld di(ne) vakt(er). Dette kjem i tillegg til e-posten du får ved registrering som frivillig.
Møt i god tid, om lag 15 minutt før avtalt vakttid. Slik kan vi kome i gang med informasjon og opplæring til rett tid, og alle skal før den tid også registrerast, få ID-kort og vaktvest.
Frammøtestader:
- Miljøvakter og campvakter møter i VALHALL, Sandplassen 1
- Frivillige i bar og mat/kiosk møter i teltet AKKREDITERING/FRIVILLIG rett ved festivalinngangen
- Nokre frivilliggrupper skal møte direkte på stasjonen, og nokre skal hente billettarmband i skranken i frivillig/akkreditering. Desse får beskjed om det. Spør oss gjerne om du er usikker.
I Valhall finn du:
- Frivilligmat: Pauserom med mat og drikke for frivillige som er på vakt. Opningstid fredag og laurdag kl. 10.00-24.00.
- Miljøvakt og campvakt baseområde, registrering, vaktskift Alle miljøvaktene blir her registrerte og får utdelt ID-kort og vaktvest. Her blir du også henta for gjennomgang av rutinar og oppstart vakt. Du kan også bruke baseområdet som garderobe medan du er på vakt.
- Toalett for frivillige som er på vakt
I teltet akkreditering/frivillig ved festivalinngangen finn du:
- Skranke kl. 10.00-01.30 fredag og laurdag: Informasjonssentral for frivillige og akkrediterte. Her kan du mellom anna hente billettarmband utanom vaktskift, til dømes viss du skal inn på festivalområdet før vakta startar. Nokre frivilliggrupper hentar billettarmbandet sitt her og går direkte til stasjonen sin.
- Bar og mat/kiosk registrering, vaktskift, baseområde. Alle frivillige i bar og mat/kiosk blir her registrerte og får utdelt ID-kort og vaktvest. Her blir du også henta for gjennomgang av rutinar og oppstart vakt. Du kan også bruke baseområdet som garderobe medan du er på vakt
Om du vil inn på konsertområdet før du skal på vakt, hentar du billettarmband i skranken i teltet akkreditering/frivillig, slik at du får tilgang til festivalområdet. Opningstider konsertområdet: Fredag kl. 15.00-01.00. Laurdag kl. 14.00-01.00.
Bruk publikumsinngangen når du ikkje har vakt. Personalinngangen skal berre brukast når du er på vakt og dermed går i vaktvest m/ID-kort.
FRIVILLIG-GODAR:
- Handlenett eller buff som kan hentast i teltet akkreditering/frivillig dei to festivaldagane
- 25 prosent rabatt på Malakoff-merch. Før festivalen kan du kjøpe merch på Chatlet Sport1 Nordfjordeid mån-fre kl. 10-19, lau kl. 10-17. Under festivalen kan du kjøpe merch i rockestæsj på festivalområdet.
- Mat og drikke når du er på vakt. Frivilligmat er i Valhall.
- Hyggelege arbeidskollegaer, god musikk og eit fantastisk festivalminne!
- Gratis tilgang til konsertområdet. Sjå reglane for miljøvakt, bar og mat/kiosk her: malakoff.no/frivillig
Andre frivilliggrupper har eigne reglar, basert på vaktlengde og type oppgåve.
Frivillige som gjer festivaldugnad for lag/org får lagsbetaling, ikkje gratis festivaltilgang.
Gratistilgangen er personleg og kan ikkje gjevast til andre enn den frivillige.
PARKERING:
Har du anledning til å sykle eller gå til festivalområdet, er det supert! Sykkelstativ finn du ved hovudinngangen. Det er avgrensa med parkeringsplassar i nærleiken av Malakoff. Køyrande bør parkere i nordre del av sentrum; ved Eid idrettshus og på offentlege parkeringsplassar i dette området. Her er det godt med plass og berre få minutt å gå til festivalområdet.
Av tryggleiksomsyn håper vi du vil respektere dette.
FRIVILLIGMAT:
I Valhall er det pauserom med mat og drikke for frivillige som er på vakt. Opningstid kl. 10.00-24.00. Du avtaler pausetidspunkt med din leiar. Festivalen treng deg, så ikkje sit for lenge. Meny: Brødmat, pålegg, frukt, vatn, kaffi mm. Varmmat frå kl. 14.00: Betasuppe mm.
TOALETT:
Frivillige på vakt brukar dei ordinære toaletta inne på festivalområdet, samt i Valhall.
GARDEROBE:
Medan du er på vakt: Miljøvakter og campvakter kan bruke baseområdet i Valhall som garderobe. Barpersonell og mat-/kioskpersonell kan bruke baseområdet i teltet akkreditering/frivillig.
ARMBAND:
- Alle som er på festivalområdet skal ha armband. Også frivillige. Type band er avhengig av kva oppgåve du har. Sjå informasjon i punktet «Frivillig-godar».
- Oppgradering av armband, kjøp av camptilgang mm kan du gjere i teltet akkreditering/frivillig.
- Er du frivillig for eit lag som får betalt for dugnadsjobben, får du eige frivilligband som skal brukast berre når du er på vakt. Ein får ikkje både lagsbetaling og gratis festivaltilgang.
- Om du vil inn på festivalområdet som publikummar før du skal på vakt, melder du deg i skranken i teltet akkreditering/frivillig for å få armband. Bruk festivalinngangen når du ikkje har vakt, personalinngang skal berre brukast når du er på vakt.
ARBEIDSANTREKK:
Kle deg etter vêr og arbeidsoppgåve! Alle frivillige får utdelt vest (og forkle i mat/kiosk) når du kjem på vaktregistrering. Vest og forkle skal leverast inn når du går av (kvar) vakt.
ID-KORT:
Alle frivillige får utdelt ID-kort som skal brukast når ein er på vakt, og leverast inn etter kvar vakt.
ROCKESTÆSJ/MERCH:
Alle frivillige får handlenett eller buff, samt 25 prosent rabatt på all Malakoff-merch. Handlenettet eller buff hentar du i teltet akkreditering/frivillig dei to festivaldagane. Merch kan du før festivalen kjøpe på Chatlet Sport1 Nordfjordeid på Alti Nordfjord måndag-fredag kl. 10-19, laurdag kl. 10-17. Under festivalen kan du kjøpe merch i rockestæsj på festivalområdet.
TRYGGLEIK:
Malakoff ønskjer at alle skal ha trygge og gode opplevingar på festivalen, om dei er gjestar, aktørar eller frivillige. Vi har ein vaktstyrke med frivilligvakter, innleigd vaktselskap Protect og politi. Desse har eit spesielt fokus på tryggleik, men det er vårt felles ansvar at alle har det trygt og godt. Kontakt din næraste leiar, eller uniformert vakt om du opplever eller ser noko som er farleg eller på annan måte uhaldbart.
FØRSTEHJELP:
Eid Røde Kors Hjelpekorps er til stades på festivalen. Dei held til i og ved Valhall. Treng du hjelp? Gå dit eller ta kontakt med ein av festivalvaktene, miljøvakt eller vekter frå Protect.
TA VARE PÅ HØYRSELEN DIN:
Øyrepropper er tilgjengelege for frivillige på vakt. Publikum kan få øyrepropper på standen til vår generalsponsor Sparebank1 Sogn og Fjordane. Publikum kan kjøpe høyrselsvern til barn i rockestæsjteltet midt på festivalområdet, til ein svært rimelig pris. Hørselshemmedes Landsforbund har også stand ved inngangen der dei deler ut gratis øyrepropper til publikum.
AVFALL, MILJØ:
Vi har eit felles ansvar for at det er reint, ryddig og triveleg på Malakoff. Ser du avfall på bakken, plukk det opp og kast det på rett stad ved avfallspunkt. Ser du fulle sekkar, byt dei ut og kast dei i riktig kontainar ved P10-porten. Kontakt din næraste leiar ved spørsmål.
Malakoff har miljøgebyr på plastglas. Det inneber at første gongen publikum kjøper drikke, betaler dei 20 kroner i gebyr. Når dei har med seg glaset i baren ved kjøp av ny drikke, får dei nytt glas utan å betale nytt gebyr. Dette bidreg til ryddigare festivalområde, og meir av plasten går til gjenvinning.
CAMP OG OVERNATTING:
- Sjekk informasjon om og kjøp billett til overnatting her: malakoff.no/overnatting
- Frivillige kan kjøpe tilgang til festivalcampen med eller utan teltplass, kartent eller lavvo på www.eventim.no/artist/malakoff-rockfestival. Der kan ein også kjøpe bubilplass.
- Camptilgang krev festivalpass fredag+laurdag.
- Om du skal slå saman gratis frivilligtilgang med kjøpt campbillett for å få tilgang til campen, ordnar du det i skranken i teltet akkreditering/frivillig.
GENERELL INFORMASJON:
Sjekk malakoff.no/info/generelt og malakoff.no/info/ofte-stilte-sporsmal
Transport:
- Sjekk www.entur.no for offentleg transport
- På www.nordfjord.no finn du ymse reiseinformasjom
- Ekstra bussruter heim etter festivalen fredag og laurdag. Bussane går frå Eid rutebilstasjon kl 01.30 til Sandane, Førde, Grodås, Stryn, Måløy, Selje/Stadlandet (via Allmenningsfjellet). Billettkjøp på bussen, 200 kroner.
Aldersgrenser:
Det er inga aldersgrense på konsertområdet. Barn under 12 år går gratis i følgje med ein vaksen. Konsertområdet har eige barområde med 18 års aldersgrense. På campen er det 18 års aldersgrense.
Kontantlaus festival:
Du kan ikkje betale med kontantar på Malakoff. Sidan vi ikkje har ein fast utsalsstad, er det ikkje krav om at festivalen må ta imot kontantar.
Hittegods:
- Funne på konsertområdet: Blir levert i rockestæsjteltet i opningstida til festivalen eller i skranken i teltet akkreditering/frivillig – opningstid kl. 10.00-01.30.
- Funne på camp: Blir levert i skranken i teltet akkreditering/frivillig – opningstid kl. 10.00-01.30.
- Finn du tapt gods, lever i rockestæsjteltet eller skranken i teltet akkreditering/frivillig.
- Etter festivalen, frå måndag 21. juli, kan du kontakte Turistinformasjonen i Kulturhuset Gamlebanken for spørsmål om hittegods. Alle kort/sertifikat vert leverte inn på Stad lensmannskontor på Nordfjordeid måndag 21. juli.
Speletider, program: malakoff.no/program
www.malakoff.no/frivillig
www.facebook.com/frivilligmalakoff
www.instagram.com/frivilligmalakoff
#hjartetifestivalen
#denbestefestivalopplevinga