Cowboyfrokost rir inn utan kart og kompass – og landar midt mellom country, americana og pop. Med varme harmoniar, historieforteling og ein solid dose speleglede leverer dei låtar som luktar både sørstat og skandinavisk sommar.
Etter fleire år med country på repertoaret tok dei steget i haust med debut-EP-en Order Up! – starten på deira eige, smått texanske univers. Her møtest klassiske referansar og friske melodiar i eit uttrykk som allereie har gjort dei til eit liveband å merke seg.
Med røter frå heile Sør-Austlandet og base i Oslo, kjem Cowboyfrokost til Nordfjordeid klare for å servere dansbare hoedowns, sjarme og ekte cowboyenergi. Cowboyfrokost er ukas urørt i februar og vårt nye favoritt countryband!