Wow! Noregs mest elleville liveband Kaizers Orchestra er tilbake på Malakoff 11 år etter at den karakteristiske lyden av oljefat sist drønna utover Nordfjordeid! Laurdag 20. juli entrar dei Malakoffscena som einaste festivalkonsert mellom Bergen og Trondheim. Sjukt stas!
Då Kaizers Orchestra annonserte at dei skulle spele igjen, solgte dei 82 000 billettar på utrulege 14 minutt. «Et legendarisk stykke norsk musikkhistorie» skreiv Musikknyheter etter deira fyrste konsert i Oslo no i oktober og ga 10 av 10 moglege. 56 stappfulle konsertar gjere dei no i haust og til sommaren kjem eit av tidenes desidert største norske rockeband til Malakoff.
Alle dei åtte studioalbuma i perioden mellom 2001- 2012 gjekk topps av salslistene i Norge. Hiten «Hjerteknuser» er bandet sin mest populære song sidan den ble gjeve ut ut i 2010 og i 2022 klatra låten opp på andreplass på Spotify etter den gjekk viralt på TikTok.
Gjer deg klar for denne låtrekka: Hjerteknuser, Prosessen, Ompa til du dør, 170, Drøm vidare Violeta, Tusen dråper regn +++
Kaizers Orchestra er tilbake og sommaren 2024 kan ikkje kome fort nok!