Med «Little Talks» tok Of Monsters and Men steget frå Reykjavík til dei store scenene verda over. Sidan debuten med My Head Is an Animal i 2011 har den islandske kvintetten fått eit stort publikum med sin unike og storslåtte folkpop.
Etter seks år utan eit nytt album kom dei tilbake i 2025 med All Is Love and Pain in the Mouse Parade – eit album som går på heftig repeat på Malakoff-kontoret. Her er låtar som «Television Love» og «Ordinary Creature» som får oss til å føle at vi svevar over Fjord og Fjell i Nordfjord. Dette blir storslått, vakkert og garantert ei konsertoppleving du kjem til å hugse lenge!