Fenomenet Oddny tilbake på Malakoff – frå amfiscena i 2024 til den store Malakoffscena i 2026!
Oddny har for alvor teke plass i den norske musikkfloraen som eit heilt eige vestnorsk fenomen. Med låtar som «Oktober, Bergen by», «Bittelitt» og «Alma» har dei treft både hjartet og hitlistene – og publikum har verkeleg fått augo opp for dette unike bandet.
Oddny har utvikla ein heilt særprega og gjenkjenneleg sound; alternativ poprock med sterke melodiar, poetiske tekstar på dialekt og ei nerve som svingar mellom det varme, det rå og det sårbare. Live har dei vorte omtala som eit band i verdsklasse, og i 2025 har dei reist land og strand – og litt over grensa – med konsertar på eit titals festivalar og scener i både Noreg og Sverige. Turneen har sett publikum på ende, med utselde konsertar på både Kulturhuset i Bergen og Parkteatret i Oslo. Under by:Larm 2025 klinka Gaffa til med terningkast 6 og skildra konserten som «ei grandios konsertoppleving».
Mykje av magien blir til i Gamlehuset i Bremanger, der bandet bur og jobbar saman i periodar. Her skriv og spelar dei inn musikken sin, med trommis og produsent Oliver Igland ved spakane – eit kreativt kraftsenter langs vestlandskysten.
No kjem Oddny tilbake til Malakoff – med ny energi, ferske plekter og planane klare. Ta dei vel imot!