Gymmen Scene og Studio på Eid er den råaste livescena i Sogn og Fjordane! Ein stad for all type kultur, kreativitet og scenekunst. Og magi. For det blir fort magisk å vere publikum på ein konsert i Gymmen. Om det er med Kulturskulen i Eid, Stein Torleif Bjella, Oslo Ess, Jackbow eller Hovland & Tønes. Malakoff Rockfestival administrerer Gymmen Scene og Studio i tett samarbeid med Operahuset Nordfjord.