Vi vil oppdatere denne sida for at du skal få svar på spørsmål du lurer på, så raskt som mulig
Treng du hjelp bruk lenken under til å få billettene tilsendt på nytt:
https://account.paylogic.com/i-lost-my-tickets
Vi aksepterer ledsagerbevis. Ledsagerbillett er gratis og kan hentast ut når du bytter inn billett til band ved inngangen til festivalområdet. Ledsagerbevis må visast ved bytte av billett til band. Den som blir ledsaga, må også vere tilstades. Vi registrerer ledsager på stasjonen der du bytter inn billett til band.
Har kompisen din kjøpt teltplass og de skal dele telt, treng du billettane:
Festivalpass og Camptilgang – da har du tilgang til Camp Malakoff og konsertarenaen alle dager.
Du kan også ha Dagspass fredag eller lørdag. Da har du tilgang til campen berre den dagen du har billett. I tillegg må du også ha billetten Camptilgang.
Skal du inn på campen må du ha ein personbillett – Festivalpass eller Dagspass fredag eller Dagspass laurdag.
Ver obs på at om du har dagspass-billett vil du berre ha tilgang til campen den dagen du har billett.
I tillegg må alle som skal inn på Camp Malakoff ha ein inngangsbillett : Campinngang
Les meir HER
Finn ut kor stort teltet ditt er. Er teltet du skal ha med større enn 3×4 meter stort, må du kjøpe fleire teltplassar for å få plass til teltet ditt.
Kjøpte billetter blir ikkje refundert.
Det er ikkje nødvending å endre namnet. Vi scanner qr-koden. Så lenge den er gyldig, sjekke vi ikkje namnet som står på billetten.
Ved inngangen til festivalområdet:
Fredag: 10:00-00:30
Laurdag: 10:00-00:30
Merk at det er personlig frammøte. Dagsbillettar kan berre byttast den dagen dei gjeld for. Dvs at har du ein laurdagspass kan denne byttast først laurdagen. Hugs ID!
På festivalområdet blir det solgt mat og drikke. Alle matleverandørane vil ha vegetariske eller veganske alternativ og glutenfri alternativ.
Gratis vannstasjon finn du både på +18 området og på området som er for alle.
Prøv messenger på Facebook eller post@malakoff.no