Rapduoen HC & Subaru frå Bø i Telemark har skapt sitt eige musikalske univers, der tunge beats møter humor og rånekultur. Duoen vart kåra til Årets Stjerneskudd på byLarm i 2026 og har fått merksemd langt utanfor landegrensene.
Sjølv amerikanske Vogue har omtalt dei som «Norway’s New National Treasure». Jaja, då må dei sjølvsagt ta bygdetrapen til Nordfjordeid – gjer deg klar for bass som dunkar og rap med dialekta i høgsetet!
For deg som likar: Side Brok, Tøyen Holding, 2J