Takk for at du melder deg som frivillig til Malakoff 2026!
Du er ein del av sjølve hjartet til festivalen. Saman lagar vi gode opplevingar, relasjonar og minne for alle som er involverte, både medfrivillige, samarbeidspartar, artistar og publikum. Vi tek godt vare på oss sjølve, kvarandre og arenaen.
Som frivillig har du følgjande gode:
- Rockestæsj-gåve som kan hentast i teltet frivillig/akkreditering dei to festivaldagane
- 25 prosent rabatt på Malakoff-hettejakker/-genserar, kan kjøpast i merchteltet på festivalen
- Mat og drikke når du er på vakt. Frivilligmat er i Valhall.
- Hyggelege medfrivillige, god musikk og eit fantastisk festivalminne!
- Gratis tilgang til konsertområdet i samsvar med reglane for kvar frivilliggruppe. Sjå her for miljøvakt, bar og mat/kiosk her: malakoff.no/frivillig. Andre frivilliggrupper har eigne reglar, basert på vaktlengde og type oppgåve. Frivillige som gjer festivaldugnad for lag/org får lagsbetaling, ikkje gratis festivaltilgang. Gratistilgangen er personleg og kan ikkje gjevast til andre enn den frivillige.
Som frivillig aksepterer du følgjande vilkår:
- Vi er blide, høflege, respektfulle og imøtekomande mot alle
- Vi er alltid edru og rusfri på jobb for Malakoff
- Vi møter opp i god tid, blir registrerte og jobbar vakt(ene) vi har avtalt
- Vi gjer oppgåvene vi blir sette til og følgjer instruksane vi får
- Vi går med ID-kort og vaktvest når vi er på vakt
- Vi har tilgang til mat og drikke på frivilligmatområdet i Valhall når vi har vakt
- Vi avtaler med næraste overordna eller kollega når vi tar pause. Vi blir ikkje sitjande for lenge, festivalen treng oss.
- Vi svarer på spørsmål når vi kan, eller viser til infokanalar som malakoff.no
- Vi ber om hjelp viss noko er vanskeleg, og vi hjelper kvarandre
- Vi har eit felles ansvar for at det er reint, ryddig og triveleg på Malakoff. Ser vi avfall på bakken, plukkar vi det opp og kastar det på rett stad.
- Vi startar sløkking og melder frå til overordna viss det oppstår brann
- Vi melder eventuelle avvik eller uønska åtferd til næraste overordna
- Vi sjekkar ut hos vår kontaktperson når vakta er slutt, og leverer frå oss ID-kort og vest/forkle
- Vi oppheld oss ikkje i frivilligområda og brukar publikumsinngangen når vi ikkje er på vakt
Brot på vilkåra blir sett på som avtalebrot og kan føre til inndraging av festivalarmband og fakturering av festivalbillett. Ein kan miste retten til å vere frivillig i framtida.
Du samtykker i at Malakoff kan lagre personopplysningar i samsvar med GDPR. Opplysningane vil ikkje bli delte med tredjepart, og du kan når som helst be festivalen om innsyn i kva opplysningar som er lagra, eller be om at alle eller delar av opplysningane blir sletta.
Du godtek at Malakoff kan kontakte deg med frivilliginformasjon om årets og komande festivalar.
Du samtykker også til at at eventuelle bilete av deg på vakt kan nyttast av Malakoff til marknadsføring eller presentasjon av festivalen.
Takk!
#hjartetifestivalen #denbestefestivalopplevinga