For eit strålande og variert firkløver du kan oppleve i Malakoffparken til sommaren!
Etter 14 år er Dumdum Boys endeleg tilbake på Malakoff! Som ein av dei fire store i norsk rock markerer dei 40 år sidan debuten med eit avgrensa tal jubileumskonsertar – og Nordfjordeid er sjølvsagt på turnelista. Publikum kan vente seg eit fyrverkeri av energi og klassikarar som Splitter Pine, Slave m.fl.
Men det er ikkje berre Dumdum Boys som skal få Malakoff til å koke neste sommar.
Den nye rapkometen Ari Bajgora tek med seg rå energi, sterke tekstar og eit suverent liveband som leverer med fullt trøkk. Han er klar til å bevise at rap funkar like godt under fjell og fjord som i storbyen. I den andre enden av musikkskalaen serverer vi folkekjære Odd Nordstoga, som med varme, humor og fengande låtar samlar både unge og eldre kring scena til allsang og god stemning.
Sist, men ikkje minst så vil britiske Lambrini Girls forføre deg med sin elleville punkrock som alt frå Iggy Pop til NME har lagt sin elsk på. Dette er eit band du kjem til å vere veldig glad for at du fekk med deg – før dei erobra verda!
Malakoff 2026 blir ei feiring av musikkglede, positiv energi og mangfald – i Malakoffparken på Nordfjordeid – midt mellom vakker fjord og fjell. Frå i dag 22. oktober ligg eit begrensa tal festivalpass ute til Earlybird-pris