Hagle og Aktiv Dödshjelp til Malakoff 26!
«Dagens Malakoff-slepp har eit stort musikalsk spenn, men fellesnemnaren er energi, glede og humor – viktige ingrediensar i ein perfekt festivaldag,» seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.
Hagle sprintar inn i 2026 med sin gledesspreiande country-rap som tek eit breidt publikum i alle aldrar og heile landet med storm. Med stor suksess i HGVM og topp-plasseringar på alle låtane, over 250 millionar strøymingar, utallige TV-opptredenar, VG-nominasjon til Spellemannspris og hyppige radioavspelingar vil Hagle prege musikkåret 2026!
Det humoristiske Oslo-punkbandet Aktiv Dödshjelp har det siste året verkeleg etablert seg i det norske rockelandskapet med sin eigne kombinasjon av humor, sjarm, råskap og livenergi. I 2024 slapp dei debutalbumet Send Dudes, og har det siste året selt ut både Parkteatret og Sentrum Scene – ikkje så rart når dei leverer eksplosive konsertar som gjev deilige assosiasjonar til eit anna band som tek turen til M26 – nemleg Turbonegro!
Dette er Malakoffplakaten når 11 av 18 artistar er offentleggjort:
Dumdum Boys / Ari Bajgora / Turbonegro / Hagle / Lambrini Girls(Uk) / Vinnie
Odd Nordstoga / Anna Lille / Oddny / Aktiv Dödshjelp / Sa_G