«Vill, vakker og våt», «Harry» og «Tigergutt» – det kan ikkje bli noko anna enn god herleg festivalstemning når CC Cowboys kjem til Malakoff i sommar!
Med Magnus Grønneberg si særmerkte røyst og jordnære tekstar har Fredrikstad-bandet sett sitt preg på norsk rock sidan debuten med Blodsbrødre i 1990.
Etter to utselde konsertar i Operaen i 2025 kom Jeg tilstår, som fekk terningkast fem i både Dagsavisen og Fredriksstad Blad. Til Nordfjordeid tek dei med seg nye låtar og eit knippe klassikarar som har fått fleire generasjonar til å syngje med.