(((  17.–18. juli 2026   )))    (((  Malakoffparken   )))    (((  Nordfjordeid   )))    (((  17.–18. juli 2026   )))    (((  Malakoffparken   )))    (((  Nordfjordeid   )))    (((  17.–18. juli 2026   )))    (((  Malakoffparken   )))    (((  Nordfjordeid   )))    (((  17.–18. juli 2026   )))    (((  Malakoffparken   )))    (((  Nordfjordeid   )))    (((  17.–18. juli 2026   )))    (((  Malakoffparken   )))    (((  Nordfjordeid   )))    (((  17.–18. juli 2026   )))    (((  Malakoffparken   )))    (((  Nordfjordeid   )))    (((  17.–18. juli 2026   )))    (((  Malakoffparken   )))    (((  Nordfjordeid   )))   

Del:

Bare Egil og Aslags endå meir superpopulære barneshow

For 3 året på rad så serverer Malakoff og SpareBank 1 Sogn og Fjordane konserten MiniMalakoff i Sagaparken på Nordfjordeid kl 12 på Malakofflaurdagen. Arrangementet er gratis og ope for alle!

–       «I år så er det to av våre mest rutinerte og folkekjære barneunderhaldarar Bare Egil og Aslags endå meir superpopulære barneshow som står på scena. Dei har i ei årrekkje begeistra ungar i alle aldrar med sitt elleville og superpopulære barneshow, og vi gler oss veldig til å samlast i Sagaparken til sommaren», seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal

Dei ungdommelege nokreogfemtiåringane tek i bruk moderne verkemiddel som synth-trommer, keytar, sminke og TikTok-inspirerte dansetrinn i eit forsøk på å nå endå betre fram til den oppveksande slekta. Problemet? Det kostar å vere hipp og moderne – og plutseleg må dei ty til kreative (og heller tvilsame) løysingar for å halde fasaden oppe.

Med rause dosar musikk, humor og ironi får publikum ei ellevill framsyning som både underheld og pirkar borti samtida sine skyggesider – frå motepress til kunstige skjønnheitsideal.

«Bare» Egil Hegerberg og Aslag Guttormsgaard har spelt saman i ei rekkje tiår i band som Hurra Torpedo, Bare Egil Band og Black Debbath, og er velkjende frå både Barne-TV, film og ei rad TV-program.
Alt ligg til rette for eit barneshow og vaksenshow utanom det vanlege i Sagaparken på laurdag 18. juli kl. 12.00.