«Få, om nokon, har definert det siste tiårets norske rap- og R&B-landskap i same grad som Arif», skreiv VG. Med røter frå Skullerud og Bogerud, og bakgrunn frå Zanzibar, har han forma eit kunstnarskap prega av djupn, ærlegdom og sterk identitet. Gjennombrotet kom tidleg, og sidan har han etablert seg som ei av dei viktigaste stemmene i norsk musikk.
Med låtar som «Flexnes», «Alene», «Hvem er hun» og «(Åh) Tåmy, Tåmy» har han sett standarden for ein heil generasjon. Han kombinerer rap og R&B med personleg historieforteljing, og har blitt heidra med både Spellemannprisen for beste hiphop (2023) og P3-prisen.
Når Arif kjem til Malakoffparken fredag 17. juli, er det med ein katalog full av moderne klassikarar, eit rykande ferskt album i sekken (ute 13. mars) og eit liveshow m/fult band som garantert vert eit av Malakoff 26 sine sterkaste augeblikk!