Ari Bajgora – ei ny stemme som definerer norsk rap og som har blitt superstjerne over natta! Han knuser rekordar, toppar listene og fått vaksne til å google “kva betyr bars?”. Og på berre eitt år har han gått frå å vere ein undergrunnsfenomen til å bli eit namn heile landet snakkar om. Med debutalbumet «Valget å gå, og vi gikk» leverer han både sårbarheit og brutal ærlighet – pakka inn i låtar som treff rett i hjartet.
Live så har Ari med seg eit suverent band som dannar ei rå liveramme til det heilt unike tekstuniverset som denne unge karen har klart å lage på rekordtid.
Forvent energi, barske linjer og refreng som smell rett i kroppen. No kjem han til M26 for å bevise at rap funkar like bra under fjell og fjord som på Grünerløkka. Forvent hits, sveitte, tårer – og refreng du kjem til å gaule på etter festivalen.