SLOMOSA, DELARA, ULD, HC & SUBARU (Bygdetrapen) og CURBZ er klare for Malakoff 23.og 24. juli 2027.
Festivalen opnar med fem spennande og sterke namn som viser både rockeprofilen, oppdagargleda og breidda i festivalprogrammet.
SLOMOSA vender tilbake etter omfattande turnear i Europa og USA. DELARA har selt ut Oslo Spektrum, ULD fyller konsertsalar over heile Skandinavia, og HC & Subaru kjem som vinnarar av Årets Stjerneskudd på byLarm. Samtidig får publikum møte det nye rockehåpet CURBZ – fem kompisar med røter på Nordfjordeid og Sunnfjord.
– Vi vil at Malakoff skal vere staden der du både får sjå favorittane dine og oppdagar artistar du ikkje visste du kom til å bli glad i. Dette fyrste sleppet rommar nettopp dette: tunge riff, store refreng, sterke kjensler og nye uttrykk, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.
SLOMOSA tilbake med internasjonal tyngde
Med den Spellemann-vinnande plata Tundra Rock har SLOMOSA bygd ein stor tilhengjarskare langt utanfor Noreg. Berre i 2025 spelte bergensbandet 100 konsertar i Europa og Nord-Amerika, med eigne utselde konsertar og turnear med mellom andre Alkaline Trio, Helmet og Kadavar. I 2027 kjem dei tilbake til Malakoff med ny musikk, tunge riff og kompromisslaus liveenergi.
– SLOMOSA viser kor sterkt norsk rock står. Dei har teke musikken sin ut i verda, og vi gler oss til å få dei tilbake til Malakoffparken og vise kor enormt bra dei er, seier Naustdal.
Frå hitlistene til Malakoffparken
DELARA har etablert seg som ei av dei mest særprega stemmene i norsk pop. Med Spellemannprisen for Årets album, Årets låt på P3 Gull og eit utselt Oslo Spektrum i januar 2027 i vente, kjem ho til Nordfjordeid med sterke historier og store refreng.
ULD skaper eit heilt anna lydlandskap med tre stemmer, piano og trekkspel. Trioen blandar vise, folk og alternativ pop og har allereie fått tre Spellemann-nominasjonar, Edvardprisen og Prøysenprisen. Etter stor etterspurnad og ei rekkje utselde konsertar i Skandinavia kjem dei til Malakoff med nytt album planlagt i 2027.
Bygdetrap og lokale riff
HC & SUBARU frå Bø i Telemark tek med seg tunge beats, brei dialekt, humor og rånekultur til Nordfjordeid. Duoen, også kjend som Bygdetrapen, vart kåra til Årets Stjerneskudd på byLarm i 2026 og har fått internasjonal merksemd gjennom amerikanske Vogue.
CURBZ representerer den lokale rockeveksten. Dei fem kompisane lagar alternativ rock i skjeringspunktet mellom post-punk, indie, grunge og hardcore. På Malakoff skal dei vise kvifor dette bandet er eit av dei mest spennande og framoverlente nye rockebanda akkurat no.
Begrensa tal early bird-billettar i sal frå i dag.
Malakoff blir arrangert i Malakoffparken på Nordfjordeid 23.–24. juli 2027.
Begrensa tal early bird billettar i sal
Fleire artistar blir annonserte fortløpande.
Malakoff 2027 – Musikken. Folka. Fjord & fjell.