Verdskjent rappar og rockehøvdingar til Malakoff 22

Den amerikanske rapparen Trippie Redd og rockarane Kvelertak tek turen til Nordfjordeid under Malakoff 22.

Trippie Redd er akkurat no ein av verdas aller heitaste og mest omtalte hiphop-artistar. Det er ikkje rart. Han har i seg hiphopen sin brautande sjølvsikkerheit og punken sin energi. Rapparen frå Ohio er ikkje meir enn 21 år, men er allereie verdskjent både for musikken og samarbeid med artistar som 6ix9ine, XXXTentacion, Drake, Playboi Carty, Lil Uzi Vert, Juize WRLD ect.

I 2018 gjekk debutalbumet «Life’s a Trip» inn på fjerdeplass på Billboard-lista, med gjestar som Young Thug, Travis Scott, Reese Laflare og Diplo. Nokre månader seinare følgde mikstapen «A Love Letter to You 3» opp med en tredjeplass.

I 2021 kom albumet «Trip At Knight» og befesta posisjonen til Trippie Redd som ein av dei aller tøffaste og beste låtprodusentane i denne sjangeren.

Trippie Redd sette fyr på festivalen Kadetten i 2019, og til sommaren så er det fyrste mulegheit til å oppleve han på ei festivalscene i Norge nettopp på Malakoff. DET spår vi kjem til å bli rimeleg ellevilt!

Trippie Redd headliner torsdag 21.juli.

 

Kvelertak sin miks av pønk, metall og rock har resultert i massiv internasjonal turnevirksomhet og fans over heile verda. Dei 4 albuma Kvelertak (2010), Meir (2013), Nattesferd (2016) og Splid (2020) har sikra energisk og kraftfull rock til folket og gjeve dei turnejobbar ilag med andre kvalitetsband som Metallica, Slayer, Mastodon, Gojira og Ghost.

Albumet Splid er det fyrste med Ivar Nikolaisen på vokal og Håvard Takle Ohr på trommer, og ein finn prominente gjestar frå Mastodon og Converge på plata. Og for ei plate! Vi bli aldri lei, og sjølvsagt skal norges ubestritte rockehøvdingar spele på Malakoff 22.

 

Billettsalget til Malakoff 22 startar i morgon fredag 22. oktober kl 10:00

Fleire artistar blir fortløpane annonsert.

DEL:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email