Tre nye år som generalsponsor

GODT SAMARBEID: Eter tre år som generalsponsor for Malakoff, ser Sparebanken Sogn og Fjordane fram til tre nye år med godt samarbeid. Frå venstre: festivalsjef Arnt Ivar Naustdal, administrasjonssjef Gunn Guddal, marknadssjef Gunn Aase Moldestad og Ann-Serine Hagen frå banken.

– Det er med stoltheit og glede at vi vidarefører samarbeidet med Malakoff Rockfestival, seier Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i banken.
Sparebanken Sogn og Fjordane held fram som generalsponsor for Malakoff, og har signert avtale for tre nye år frå 2023.
–Det er fantastisk kjekt og viktig for Malakoff å ha på plass ei ny avtale med Sparebanken Sogn og Fjordane for tre nye år. Dette sikrar grunnlaget for mange nye strålande festivalopplevingar, seier Arnt Ivar Naustdal, festivalsjef for Malakoff.

Del: