To praktfulle rockeband til Malakoff 22

IDLES

Det britiske rockebandet Idles og det framandstormande norske rockebandet Brenn er dei to fyrste namna som er offentleggjort til Malakoff 2022.

IDLES
Britiske Idles er eit av våre nye favorittband, og er kanskje det kulaste rockebandet der ute akkurat no! Dei spelar utsolgt konsertar verda over, så det er utruleg stas at dei tek turen til oss i år.

Med den karismatiske vokalisten Joe Talbot i spissen, har bandet gjeve ut albuma Brutalism, Joy As an Act of Resistance og Ultra Mono. Der tek dei opp viktige og vanskelege tema som raseproblematikk, hjertesorg, sexisme, høgreekstremisme og innvandring, men med ein liten porsjon humor og ironi.

Våre favorittlåtar: Danny Nedelko, Never fight a man with a perm, Mother, The Beachland Ballroom

Bandet gav 28.september ut singelen The Beachland Ballroom og kjem 12. november ut med det nye albumet Crawler. Vi gler oss!

 

BRENN
Rockebandet Brenn er ei unik blanding av rockens kompromissløshet kombinert med popens sin leikenhet og sjarm. Musikken er superenergisk og uten grenser! Akkurat slik den nye rocken skal vere!

Dei har fått velfortjent spellemanspris som «årets rock», samt nominasjon som «årets nykommer», «årets live» under P3-gull og veldig mykje radiospeling til å vere eit rockeband

Humor og spontanitet står sentralt i konsertfilosofien, og resultatet blir eit særs relevant rockeband. Fremtida er brennheit!

Hits: Keen, Gi meg litt fred, Du og jeg ++

Ny musikk: ny singel i dag!

DEL:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email