Med tradisjonsrike røter frå idylliske vestland, kjem rockebandet Tidstyv i ei vill fart. Dei leverer ein catchy rockepakke som osar av energi og særpreg. Fronta av Hanne Rye frå Nordfjordeid, byggjer dette på ein unik lyd som vi treng i dagens rockeflora. Rett etter deira fyrste utgitte låtar spelte dei prestisjetunge konsertar som Klubbøya, under Øyafestivalen 2023, varma opp for Bokassa på Vulkan Arena, og spelte på ei rekkje av landets fetaste scener. Dei har òg hausta mange gode omtalar frå blant anna Ballade, Musikknyheter, Dagsavisen osv.
Det råtøffe debutalbumet «Det Blir Bra Til Slutt» kom ut i 2024, og vi gler oss til å presentere Tidstyv på Malakoff 25!