Svelekameratane til Malakoff 22

Svelene
Svelene

Etter 2 år med pandemi og ingen fullskala Malakoff så er det sjølvsagt at vi inviterer tilbake dei lokale rockeheltane Svelekameratane! Dei serverer både nye låtar og dei udødelige slagerane som «Homle i underbrokja», «Kjenne på livet», og «Gje meg ei svele».

Vi spår svett og deilig stemning når Svelene inntek lavvoscena på laurdag 23.juli.

DEL: