På laurdag 19.juli får vi besøk av eit av landets største liveband – nemleg Rotlaus. Karane frå Ørsta på Sunnmøre har på rekordtid blitt eit av landets mest ettertrakta liveband og det herskar liten tvil om at bandet verkeleg har blitt eit band mange ønsker å få med seg. På festivalar landet rundt, store idrettsarenaer og klubbar. Utselte konserter, gode tilbakemeldingar og utelukkande god stemning. Rotlaus treff deg. Tungt, ærleg og ekte. Gjer deg klar for Noregs originale «Bygde-rockarar» eller countryrockarar som vi likar å kalle det.