PUNCHBAG er eit avsindig fett, nytt band frå Sør-London som kjem til å eksplodere dei neste åra! Den nye elektrifiserande søsken-duoen frå Sør-London byr på eit intenst tempo og energi. Dei kombinerer punk og pop på ein så smakfull og vital måte at det er veldig lett å like. Liveformatet er ein eksplosiv kvartett som har blåst folk over ende på ei rekke mindre konsertar i London dei siste månadane og har dermed skapt ein deilig buzz som eit unikt, nytt liveband.
Flunkande ny musikk kjem utover vinter/vår, og vi gler oss til å presentere PUNCHBAG på Malakoff 25!