Her finn du viktig, nyttig og praktisk informasjon som publikum lurer på om årets Malakoff-produkt. Vi oppdaterer fortløpande informasjonen på nettsida.
BILLETTAR
Billettar får du kjøpt med Tikkio
Her får du hjelp dersom du har spørsmål om kjøpte billetter
Ein papirbillett er ikkje personlig. Billetten kan brukast av andre, sjølv om det står ditt namn på .
Eit festivalpass/ungdomspass er ein rabattert billettpakke for dei som ønskjer å gå på Malakoff alle dagane. Denne kan ikkje deles opp i dagsbilletter. Aldersgrense for festivalcampen er 18 år.
Ver oppmersom på at du må ha billetten som heiter «Festivalpass» for å få tilgang til Malakoff camp og dei ulike overnattingstilbuda du kan finne inne på festivalcampen. Festivalpass betyr billettar for alle tre konsertdagane (om du har dagsbillett for alle tre dagane, torsdag, fredag og lørdag er dette også «festivalpass»)
Har du billettar kjøpt i 2019, 2020 og 2021 som er overført til 2022, og har spørsmål kan du finne svar her.
Vi har oppdatert FAQ. Lurer du på noko kan du kanskje finne svar her eller gå inn på våre informasjonsside her
PROGRAM/SPELETIDER
På festivalområde har vi tre scener. Tidene artistane skal spele og kva på kva scene finn her
Andre programposter/ aktivitetar i Malakoffveka:
GYMMEN-PUB
Tysdag 19. juli Gymmen Pub – Ute-/innepub ved Gymmen Scene frå kl 18-00
Onsdag 20.juli Gymmen Pub – Ute-/innepub ved Gymmen Scene frå kl 18-00
KLUBBKONSERT
Onsdag 20.juli. Klubbkonsert i Gymmen Scene startar kl 21 billett kjøper du her
På Klubbkonserten onsdag 20.juli kan du oppleve to heilt spesielle band! Fyrst serverer @Marekvist m/lokale Mathias Degnepoll Øren i front folkrock som vi kanskje ikke har opplevd på Nordfjordeid sidan Gåte. Deretter avsluttar @Blomst med deilig norsk garasjepunk levert av eit suverent band, og ein av landets beste rockevokalistar! Velkomen til årets Malakoff-forspiel i Gymmen folkens!
CAMPNATT
CampNatt – torsdag 21.juli , fredag 22. juli og laurdag 23.juli
Du kan danse deg inn i Nordfjordnatta! Kvar konsertkveld blir avslutta med ein times deilig etterfest på campen før alle skal legge seg LotionBoyz, Kickslip og Dj Vülva sørger for heftig dansestemning og tidenes klubbfeeling på Malakoffcampen 22!
Torsdag: Kickslip, Fredag: LotionBoyz, Laurdag: Dj Vülva
PST! Du må ha camptilgang for å få med deg dette 🙂
NRK SOMMARLUTT
Fredag 21.juli NRK SommarLutt – gratiskonsert i Eid sentrum ved Alti Nordfjord 1400-1530
Endeleg er det klart for NRK SommarLutt igjen. Malakoff rigger stor scene i Eid Sentrum (ved ALTI Nordfjord). Under showet blir det både livemusikk og intverju med artistane. Denne gongen har vi plukka ut eit solid knippe av unge lokale artistar frå Vestland. Gratiskonsert!
Artistar: Gunn Kvaale, Marekvist, Sindre Steig, Tim Voilhat, Oselie og Teo
BUSSTRANSPORT/TRYGT HEIM