Velkommen til Malakoffcampen - bu i telt tett ved festivalarena
Frå festivalcampen er det kort veg til og frå kollektivtilbud, festivalparkering, dagligvare, badeplass m.m. Det er lov med medbragt mat og forsegla alkohol.
Eit fantastisk tilbod nærme festivalen for alle som jaktar den gode festivalstemninga.
Festivalcampen er innegjerda, og alle som skal ha tilgang til Malakoffcampen må kjøpe ein campinngang-billett. Det vil være tilgangskontroll og vakthald på campen under heile festivalperioden.
Aldersgrense 18 år.
Det vil være mogleg å parkere personbil ved Eid Stadion. Det må kjøpast eigen billett for dette.
ÅPNINGSTID: Fredag 18.juli kl 11 til Søndag 20.juli kl 13
Malakoffcampen er forbehold dei som har billett til konsertarenaen. Derfor må du ha billetten Festivalpass for å kunne kjøpe billettane Campinngang og Teltplass. Når du skal kjøpe billetten Teltplass, vel du kvar du vil plassere teltet ditt, på Roligfelt, Chillefelt eller Partyfelt.
Alle som skal bu på Malakoffcampen må ha eigen campinngangs-billett. Inngangsbilletten gjev personleg tilgang til festivalcampen.
Ein plass-billett gjeld for eit område som er 3x4m Det er ikkje mogleg å overskride dette arealet. Har du med deg eit større telt, må du kjøpe fleire teltplassar.
Campreglar og meir info finn du her