WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Den superpopulære festivalcampen til Malakoff ligg rett ved festivalområdet.

 

Teltplass

Du må ha eigen teltplassbilett for å setje opp telt (1 telt per teltplass), men ein kan sjølvsagt bu fleire i lag. Alle må likevel ha 2 eller 3 dagars festivalpass med inngang camp.

Vanleg teltplass, 3x4 m
Miljødepositum på 150,- er inkludert i prisen, og vert refundert ved godkjent opprydding (før kl 13.00 på sundag.
Det er ikkje tillate med partytelt.
Du må kjøpe fleire plassar dersom du skal sette opp telt som er større enn kjøpt plass. 
Plassering vert fordelt etter førstemann-til-mølla-prinsippet frå kl 16.00 på tordagen eller kl 10.00 på fredagen. 

 

 

Lavvo

Overnatte i lavvo på festivalcampen? Velg storleik for 3, 5, 7 eller 9 personar. Eit roligare overnattingstilbud på ein skjerma del av festivalcampen. Lavvo er ferdig oppsatt, med gulv, ved ankomst. Alt du treng gjere er å bestemme deg for storleik. I tillegg treng du 2 eller 3 dagers festivalpass inkl. inngang camp. Miljødepositum på 150,- er inkludert i prisen, og vert refundert ved godkjent opprydding (før kl 13.00 på sundag.

 

KarTent

For den miljøbevisste tilbyr vi ferdig oppsatt telt av papp på festivalcampen (https://kartent.com/info/). Du kan velge mellom tre pakker for to personar; KarTent Standard - berre telt, KarTent Pluss - telt med luftmadrass eller KarTent Super - telt med luftmadrass og soveposar. Etter festivalen blir telta i sin heilhet resirkulert. Enkelt, effektivt og smart. 

Kvifor velge kartent: 

* ferdig oppsatt telt når du ankommer

* du slepp å kjøpe billige festivaltelt som endar i søpla

* 100% resirkulerbart

* Pimp opp teltet ditt med fargar! 

* garantert mørkt inne i teltet

* god lufting

* tåler faktisk regn i fleire dagar! 

* ingen teltsnorer eller pluggar å snuble i

* redusert brannfare samanlikna med billige festivaltelt

Alt du treng gjere er å bestemme deg for Kartent Standard, Kartent Pluss eller Kartent Super. I tillegg treng du 2 eller 3 dagers festivalpass inkl. inngang camp. Miljødepositum på 150,- er inkludert i prisen, og vert refundert ved godkjent opprydding før kl 13.00 på sundag.

KarTent Basic copy KarTent Plus copy KarTent Super copy