NRK SommarLutt på Malakoff 22

NRK SommarLutt

Direkte på radio frå Malakoff
Fredag 22. juli 1403-1530

Endeleg er det klart for NRK SommarLutt igjen. Malakoff rigger stor scene i Eid Sentrum (ved ALTI Nordfjord). Under showet blir det både livemusikk og intverju med artistane. Denne gongen har vi plukka ut eit solid knippe av unge lokale artistar frå Vestland.

Gunn Kvaale
Den unge artisten Gunn Kvaale frå Sogndal debuterte i fjor. Ho gjekk rett inn på spelelistene til Norges største radiokanal, NRKP1. Kvaale skriv musikken sin sjølv, og haustar strålande kritikkar. Ho vart også kåra til årets nykommar frå Sogn og Fjordane under Luttprisen i mars i år.

Marekvist
Marekvist med Mathias Degnepoll Øren frå Skavøypoll i front serverer folkrock som vi kanskje ikkje har opplevd på Nordfjordeid sidan Gåte. Tungt inspirert av norsk folkemusikk og 70tallets progressive psykedelia, vil Marekvist treffe deg som ein knyttneve av lyd og rytmar.

Sindre Steig
Sindre Steig frå Luster imponerte på «The Voice» på TV, og gav deretter ut fleire eigne låtar under pandemien. Han skriv og framfører musikken sin på dialekt frå Sogn. I år har han også blitt spelelista både i NRKP3 og NRKP1 med låta «Sjao deg igjen.»

Tim Voilhat
Det spennande og litt mystiske musikkprosjektet «Tim Voilhat» har sitt utspring i Nordfjord. Musikken er fengande, feel good og dansbar med klare referansar til 80-talet. Dei gjer sin aller første festivaljobb under NRK SommarLutt.

Oselie
Oselie frå Nordfjordeid vart for alvor kjent då ho vann MGP junior i 2017. Ho har gjeve ut fleire sterke eigenskrivne låtar som er spelelista både i NRKP3 og NRKP1.

Teo
Med sine femten år er Teo Tomczuk den yngste artisten på NRK SommarLutt i år. Han har alt gitt ut fleire radiosinglar og deltok under Luttprisen i mars. Teo vaks opp i Solund, har bakgrunn frå Polen og er no busett i Bergen.

DEL: