Nova Twins er ein britisk rockeduo som har tatt musikkverda med storm med sin unike og kraftfulle blanding av punk, grime og rock. Bandet består av vokalist og gitarist Amy Love og bassist Georgia South. Dei er kjent for sine energiske liveshov og elektriske lydbilde, noko vi definitivt fekk oppleve på den fantastiske konserten på Tons of Rock i 2024.
Bandet som har delt scene med Muse, Bring Me The Horizon og Foo Fighters kombinerer rå gitarriff med tunge basslinjer og hardtslåande beats. Dette skapar ein intens og kompromisslaus musikkoppleving som vi gler oss til å dele med dokke på Malakoff 25!
Den nye singelen «Monsters» er nettopp det, eit rockemonster, og er eit deilig frampeik på meir musikk som kjem utover 2025. We cant wait!