Cezinando

Multitalentet og ordsmeden Kristoffer Cezinando Karlsen har ein heilt nydeleg låtkatalog stappa med mange episke rap/pop-låtar. I dag kjem det nye etterlengta albumet, og vi gler oss til å synge med til nye og gamle hits når Cez headlinar Malakoff torsdag 16. juli.

SJANGER: Rap/ Pop.
STIKKORD: Geniale tekstar med supercoole beats og melodilinjer.
HITS: Håper du har plass, Vi er perfekt men verden er ikke det, Botanisk Hage, Er dette alt.